mandag 29. august 2011

Legen igjen

Det vart å ringe legen igjen i dag for å høyre kva me skulle gjere med minsten. Venstre auga er fremdeles opp hovnet. Fikk time hos fastlegen vår og han kunne fortelle etter grundig undersøkelse at gutten har fremdeles betennelse på begge augene, pluss at fettkjertelen på venstre auge er kraftig betent. Det vil si at den har hovnet slik opp at den har dannet ein kul under augnalokket. Så nå skal me dryppe gutten anna hver time i 2 døgn og legge ein tjukk salve kvar kveld tilhan er frisk. Skal tilbake til legen neste måndag og er ikkje kulen vekke så må han til augnalegen og stikke hol på den.
Han fekk vere heime frå barnehagen og berre kose seg i dag.
Fikk meg og ei tur til sentrum siden eg måtte hente medesinen hans. Var da innom jobben min ein tur. Eg er nå langtids sjukemeldt fra den, går og venter på svar fra riksen om dei vil opperere meg. Koselegt var det og hilse på sjefen, men stakkars dame hadde det kjempe travelt så det vart berre hei og hade.
Har og hatt besøk av søstra til gubben med mannen i ettermiddag....og det sette me veldig stor pris på. Er ikkje så veldig ofte vi har besøk av familien hans. Dei bur eit stk i fra og av ein eller anna grunn så er det lettere for oss og dra til heimstaden hans en for dei og komme hit.
Var og nett heime til ho mor i kveld og....og alltid like koselegt og vere der ( dei berre forguder min kjære, noko eg har full forståelse for :)). Skal hjelpe vetlesøstra mi med og strikke sokker, ho har fått det i lekse. Skal strikke to rosesokker til høstferien og siden dette er noko intresserer seg minst før så fikk storesøster det ærefulle oppdraget....så da er det berre og håpe læreren godkjenner jobben min :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar